Gjer ei side omsetjeleg

From TermWiki
Jump to: navigation, search
Daga siiddu jorgalahttiGjer ei side omsetjeleg
Other languages:
norsk bokmål • ‎norsk nynorsk • ‎sámegiella • ‎Åarjelsaemien • ‎svenska

Dei fleste sidene på denne wikien (unnateke dei som er reine termsider) bør vera omsetjelege.

Det er enkelt å gjera ei side omsetjeleg.

Klikk på «Rediger» på sida du vil gjera omsetjeleg.

I skrivefeltet som dukkar opp skriv du <languages/> heilt i byrjinga. Dette er ein merkelapp som gjer at ein får ei oversikt over kva for språk ei side er omsett til.

Under languages-merkelappen skriv du <translate> og heilt på slutten skriv du </translate>. Kjelda til denne sida viser eit døme på korleis ein gjer det (Trykk på «Rediger» for å sjå kjeldekoden).

Når du lagrar sida, så dukkar lenka

Merk sida for omsetjing

opp.

Klikk på den lenka, og på den nye sida som dukkar opp klikkar du på knappen «Merk sida for omsetjing». Når du har trykt på knappen, dukkar det opp ei side der du ser alle omsetjelege element på denne wikien.

Sida di er no omsetjeleg, og når du går til henne igjen har lenka «Omset denne sida» dukka opp.