Hovudside
Contents
Velkomen til Sámi Giellagáldu sin termwiki
Dette er Sámi Giellagáldu sin termwiki, der vi prøver å leggja inn all samisk terminologi.
Alle, både privatpersonar og prosjekt i offentleg og privat sektor, kan bruka denne termwikien. Det er eit verkty for alle som vil byrja å registrera samiske termar.
Ulike fagmiljø kan offentleggjera fagterminologien sin her, og dermed gjera han tilgjengeleg for alle og for gjenbruk i språkteknologisk samanheng.
Det er mogleg å registrera termar frå alle område i denne wikien. Du må ha brukarkonto og redaktørstatus for å registrera og redigera termar.
Sámi Giellagáldu og Divvun-gruppa ved UiT kan importera termar frå termlister til termwikien, og eksportera termar frå han til andre termverkty og til bruk i språkteknologiske verkty og hjelpemiddel.
Eigenskapane til termwikien:
- Du kan søkja etter alle termar
- Alle som ynskjer det kan registrera termar i termwikien. Giellagáldu gjev redaktørstatus til registrerte brukarar.
- Kvar termside som blir registrert må ha minst eitt samisk uttrykk (på nord-, lule-, skolte-, enare- eller sørsamisk).
Den tekniske basen i denne wikien er programvaren MediaWiki og ulike tillegg som Tieteen kansallinen termipankki har utvikla. Divvun-gruppa har tilpassa denne wikien for samisk. Norsk språkråd nyttar òg MediaWiki som termredigeringsløysing.